Stangeland_A1_Sep24_585.jpg

Rommene for møte
og spesielle augeblink

Feiringar & selskap

Grupp av fire kvinner som står under en hvit pergola i en hage med blomster og grønne planter, ute i solskinnet på kvelden.

Hald bryllaup, konfirmasjon, dåp eller selskap hos oss! Me tek hand om det praktiske, slik at de kan nyta dagen fullt ut. Selskapslokalet vårt, Løo, tilpassast etter dykkar ynskje, og me står klare til å ta imot dykk. Etter ei minnerik feiring kan de og gjestane dykkar trekkja dykk tilbake til komfortable senger, omringa av ro og vakker natur.

Ser de etter ein spesiell stad for vigsla? Stolmen kyrkje ligg berre tre minutt unna, medan hagen vår passar perfekt for ein utandørsseremoni. Eller kva med å seia ja på Globen, med utsikt over Nordsjøen? Moglegheitene er mange!

Gjer ein førespurnad

Møte, kurs & konferanse

Seks personer sitter rundt et bord med flasker, kaffekopper, frukt og kaker. De bruker bærbare datamaskiner og telefoner. Fra et fugleperspektiv.

På garden ynskjer me å skapa dei ideelle rammene for konferansar og leiarmøte, der ro og kvile står i fokus. Me tilbyr moderne møteromsfasilitetar, som inkluderer projektor trådlaust internett, og moglegheit for videokonferanse. Her kan du halda ein eller fleire dagars konferansar i avslappande omgivnadar. Bordoppsettet i Løo kan tilpassast etter dykkar behov, med moglegheit for grupper på om lag tretti personar i hesteskoformat, førti til femti i klasseroms stil, og seksti til sytti i rekkjer. Dersom du ynskjer det, kan me stå for maten, eller de kan nytta vårt grovkjøkken til eiga matlaging.

Gjer ein førespurnad

Byggje relasjonar

To personer står på en betongplattform på en ås under solnedgang, omgitt av natur og fjell, med solens stråler i horisonten.

Treng du og din avdeling å styrkja samhaldet og motivasjonen? Me har dei ideelle forhalda for akkurat dette, og me har gode erfaringar med avdelingar som leiger heile eller delar av garden for eit lengre opphald. Start dagen med fagleg innhald, ta på vest og sydvest og hent middagen i havet. Etter eit godt måltid laga på eigen fangst, fortset praten i puben før ei god natt søvn i våre komfortable senger. Me kan tilby fleire ulike aktivitetar, og me kan tilpassa ditt opphald etter ynskje.

Gjer ein førespurnad

Vi tilpassar etter dine ynske og anledningar

  • Nøkkelknippe med en metallarmbånd som har teksten "Stangeland Gård" hanging i en nøkkelring, festet til en lås på en dør.

    Tilpassa for firma

    Her på garden er det godt å vera. Her får du ro til å tenkja, reflektera og ta eit steg tilbake frå ein elles hektisk kvardag. Me skreddarsyr ditt opphald, og syter for at du og dine kollegaar kan få ei nyttig oppleving hos oss.

  • Utsikt inn i et lystrom med to takkrystaller, et rundt bord med en blomsterpotte med blå blomster, og stoler.

    For dine spesielle feiringar

    «Jo meir me er saman, dess gladare vert me». Ta med deg familien, vener eller begge delar. Her på garden kan du nyta flotte stunder saman, og feira det som feirast bør.

Teknisk og tradisjonelt – hand i hand