Frukost & lunsj


Frukost er eit særskilt høgdepunkt her på garden, og den får du servert i etestova i hovudhuset frå kl 07.30 til kl 10 i vekedagane og kl 08 til kl 11 i helgjene. Me likar kortreiste råvarer, og på frukostbordet finn du som oftast nysteikte rundstykke etter mor si gamle oppskrift, heimalaga syltetøy og honning frå særs lokal produsent.

Ynskjer du di eiga private frukost, kan du bestilla ei frukostkorg levert til ditt rom eller di glashytte når du bestiller ditt opphald.

Utforsk vakre Stolmen med eit godt måltid i sekken

Til lunsj tilbyr me å laga ei lunsjplanke du kan ete på garden, eller som pikniksekk du kan ta med deg på tur. Me anbefaler å utforska både Globen, Vågholmen, Såto og Kvalvågen - alle like flotte gåturar i ulike lengder rett ut frå garden. Hugs å bestille din lunsj når du bestiller ditt opphald.

Kveldsmat lyt me og ha. Her kan du velja mellom ulike rettar når du bestiller ditt opphald.

Middag kan me laga på forespurnad dersom du er med eit større reisefylgje (over 10 pers). Send oss ei forespurnad minimum 3 dagar i forvegen til booking@stangelandgard.no

Lokale restauranter (10 min med bil frå garden)

Om du ikkje finn da du ynskjer til måltid på garden, er me så heldige som har 3 flotte etestader berre 10 min unna med bil i vakre Bekkjarvik. Der kan du velje mellom raske rettar på Smakeriet Burgerbar , meir tradisjonsrik middag hos Bekkjarvik Gjestgiveri eller ei heilt ekstraordinær matoppleving i verdensklasse på Mirabelle by Ørjan Johannessen

Du skal ikkje gå svolten!