Stangeland_A1_Sep24_023.jpg

Det skal vere som
å kome heim

Kvilebilde.jpg

Det skal vere som
å kome heim

Bestill opphald

Velkomen til
Stangeland Gard
på Stolmen

Der lufta smakar av sjø

Vest i havet, ytst av 667 øyar i vakre Austevoll, finn du garden med røter tilbake til 1912. Ein stad der lufta smakar av sjø. Her ynskjer dagens eigarar, familien Njåstad, å skapa ein ferieplass- og møtestad der besøkjande og lokalbefolkninga kan ta del i øylivet. Deira engasjement for å ta vare på staden og naturen rundt, kjem klart fram i alt dei gjer. Familien, fire sysken med ektefellar og born, byggjer vidarearven frå far deira, ein fiskebåtreiar.  

Lat oss fortelje meir

Gode senger og gode draumar

På garden vår har me fem soverom med individuelle fargepalettar. Alle romma er namngjeve etter ulike stadar på Stolmen. Fire av desse romma har eigne delikate bad, komplette med mjuke badekåper, ei kaffimaskin og ein herleg sitjekrok. Her kan du nyta frukosten, eller ei stille stund med ein kopp varm drikke. Alt for å skjemma deg vekk slik du fortener.

Sjå våre rom

Matglede går i generasjonar

Hos oss finn du eit rikt utval av lokale råvarer til frukost. Serveringa får du anten i etestova vår, eller levert på rommet i ei herleg frukostkorg. Ved fint vêr kan de eta måltidet i drivhuset, eller nyta frukosten i hagen. Til lunsj kan de bestilla ei piknikkorg som de kan eta ute i dei vakre omgivnadane rundt garden eller ta den med og oppdag nydelege Stolmen. I opningstida til gardsbutikken vår, kan du få servert smakfulle smørbrød, bakverk, kaker og økologisk iskrem frå Herøysund i Kvinnherad. Reiser du i eit større fylgje, kan me laga middag på forespurnad, eller opplev vårt rike mattilbud i vakre Bekkjarvik.

Les meir

Gardsbutikk og Kafé

I vår koselege gardsbutikk kan du finna kortreiste og lokale produkt som gledjer både gane og auge. Her kan du nyta ein kopp nybrygga kaffi saman med lekre bakervarer, både søte og salte. Du finn òg eit variert utval av lokale varer, som for eksempel deilige såper og kremer frå Fitjar, koppar frå Sara Reed, Vågavatten i fleire smakar, samt vårt eige heimelaga krydder. I tillegg har me mange fine, kortreiste produkt laga her på Stolmen, som strikka plagg og andre unike skattar.

Les meir

Fest og konferanse

"Løo", vårt selskapslokale, er ein stad der bryllaup, dåp, konfirmasjonar, konferansar og festlege tilstellingar vert arrangert med stort engasjement. Me legg våre hjarto i kvar detalj for å skapa ein atmosfære som lyftar opplevinga til noko heilt spesielt. Uansett om det er ein forretningskonferanse, ei jubileumsfeiring eller ein lærerik «workshop», kan du vera trygg på at me er klare til å skapa uforgløymelege minne saman med deg og dine gjestar.

Les meir

Stangeland_Dronefoto_Sep24_213.jpg

Drøym deg vekk i innbydande rom,
der kvart har si eiga historie frå Stolmen.

Gjer som heime, berre litt annleis

  • Fire kvinner med badedrakter og badekåper nyter et glass rosé i et utendørs boblebad med trepanel rundt, omgitt av grønne planter og treverk.

    Vennetur & badestamp

    Garden vår er perfekt for hyggjelege opplevingar. Her kan venegjengen kople av i badestampen medan dei nyt sider i hagen, eller samlast rundt pizzaomnen i drivhuset for å lage deira eiga pizza.
    Omgjevnadane innbyr til ro og fellesskap – anten i hagen, på turstiar rundt garden eller inne i løo når kvelden kjem.

  • Syv personer sitter rundt et bord med datamaskiner, telefoner og mat, sett ovenfra.

    Arbeidsro & møteopphald

    I våre moderne møtelokale, omgitt av stillheit og natur, får du arbeidsro og inspirasjon.
    I “Løo” er det god plass til både små og større grupper, med eige grovkjøken og moglegheit for møtemat og snacks på førespurnad.
    For dei som vil bli lenger, kan heile garden leigast – med felles måltid og kveldsstunder i stova.

  • En person står på en tennisbane med ryggen til, holder en tennisracket, og to personer i bakgrunnen spiller tennis.

    Aktivt opphald & glamping

    For deg som vil utforske, byr garden og området rundt på flotte turmoglegheiter – frå korte rusleturar til lengre fjellturar med utsikt over sjøen.
    Me tilbyr utleige av kajakk, sykkel og SUP, og for fiskeentusiastar finst gode plassar både med og utan båt.
    Vil du kombinere natur og komfort, kan du overnatte i våre glashytter – glamping med luksuriøs ro midt i landskapet.